Kred_Fotograf Cecilie Hatløy-2424.jpg

REKLAMEHUSET NORDVEST AS

Vi gjer deg synleg!

Vi er ein solid leverandør av reklame og profilering på Sunnmøre. Vårt mål er å gjere kundane våre synlege, med kvalitet og godt handverk. Vi har stor produksjon av storformatprint og dekor, med eigen bilmonteringshall.

Vi kan tilby deg profilering, skilt, storformatprint, bildekor, reklamemateriell og trykksaker, og kan levere på kort tid. Med vår moderne maskinpark er det kun fantasien som set grenser. Vi kan universell utforming, og vi leverer gode produkt innan dette feltet. Bildekor er eit av våre store fagfelt, men vi kan også levere store og små skilt, banner og fasadedekor. Vi har kapasitet til større oppdrag, og er med i prosessen frå plan til ferdig produkt. Her får du oversikt over tenestene våre.

Om du er på jakt etter NordvestProfil AS, er du framleis på rett plass! Vi er no ein del av Reklamehuset, med hovudkontor i Knarvik nord for Bergen. Vi er framleis dei same folka, med same spisskompetanse på reklame, trykksaker, print og montasje!

BESØK OSS HER

 

Parkvegen 2, 6153 Ørsta