Kred_Fotograf Cecilie Hatløy-7781.jpg

BILDEKOR

 

Bildekor

Har føretaket ditt ein firmabil, lastebil eller maskin, kan denne vere eit rullande reklameskilt, ein reklameplass du allereie har betalt for. Dette er veldig effektivt for å vise varemerket ditt alle stadar du reiser. Når du står parkert hjå kunden, ser naboen kven dei skal velje. Lurt og effektivt! Vi monterer dekor i monteringshallen vår, eller ute hjå kunde. Ved levering av nybil, gjer vi avtale om montering hjå bilforhandlar, slik at bilen er heilt ferdig og klar til bruk ved overlevering. 

Heilfoliering

Vi utfører alt i heilfoliering, chrome delete, delfoliering og avanserte bildekorar. Vår wrap-montør er sertifisert frå Avery i Irland, og har over 15 års røynsle med foliemontasje. Stort sett alt kan folierast, og fantasien set grensene. Du vernar lakken, enten med farga folie, eller gjennomsiktig PPF-folie. Vi brukar berre robuste leverandørar, for å kunne syte for best kvalitet i heile levetida på folien. Når folien vert fjerna, er lakken urørt og like fin.