Kred_Fotograf Cecilie Hatløy-1412.jpg

SKILT & DEKOR

SKILT

Vi leverer eksteriørskilt og interiørskilt i alle storleikar. Skilt kan brukast til informasjon, utsmykking, profilering eller viktige bodskap! Vi kan lage alt frå heilt enkle plateskilt og stadionskilt, til utfresa fasadebokstavar og lysskilt. Vi leverer produkt som er laga for å tole vêr og vind på Nordvestlandet. Vi teiknar, prosjekterer og monterer skilting både innandørs og utandørs.
Her er eit utval av kva vi kan levere: fasadeskilt, fresa bokstavar eller symbol, lysskilt, dørskilt med blindeskrift, lasergraverte skilt eller små og store plateskilt i ulike materiale.

DEKOR

Når lokale skal pyntast og friskast opp, kan vi hjelpe med til dømes bilete og print på akrylplater, eller fasade- og butikkdekor i utfresa PVC, akryl, kryssfiner, tre eller metall. Vi kan printe på tapet, vindusdekor og frosting. Det finst nesten ingen grenser for kva vi kan lage i folie. Folie kan brukast på det meste, og det kan printast på med ulike typar blekk-teknologiar. Folie vert brukt både innandørs og utandørs til dekor og profilering, eller til å informere, som frosting og bildekor eller dør- og golvmerking.

FROSTAFOLIE

Frosting kan ha fleire bruksområde, både på fasade, kontorlandskap, skular, glasveggar, butikk, hotell, industri og våtrom. Frosta folie dempar innsyn, samstundes som den ikkje hindrar lys i å sleppe gjennom glasrutene. Folien finst i mange ulike fargar og strukturar, og kan skjerast i ulike mønster. Folien kan også kombinerast med skjærefolie eller print. Vi er størst på frostafolie i vårt distrikt!
I tillegg er vi spesialistar på universell utforming etter TEK17, der riktig bruk av folie på glasveggar er viktig for å stette krava for ferdigattest.

informasjonsskilt svart kvitt, venterom, interiør, eksteriør, skilt, dekor, frosting, frostafolie, tapet, bildekor, dørmerking, gulvmerking, profilering, fasadedekor, butikkdekor, utfresa, lysskilt, stadionskilt, reklame, blindeskrift, lasergravering