Kred_Fotograf Cecilie Hatløy_ (39).jpg

STORFORMATPRINT

STORFORMATPRINT

Vi er størst på storformatprint i vårt distrikt, med stor printkapasitet både på rull og plateprint. Med vår Mimaki maskinpark får vi produsert store mengder av høg kvalitet på alle printmedium på rull. Siste tilskot i maskinparken vart levert i juni 2023, og doblar printkapasiteten vår på folieprint. Vi har veldig gode leverandørar i ryggen, slik vi kan levere dei beste produkta til kundane våre. Vi kan produsere alt i folie, til dømes banner, rollup, plakatar og interiørdekor. Fototapet eller frostafolie leverer vi mykje av, både til privat- og næringskundar.

Sjå meir om kva vi kan tilby under.

STØRST I NORDVEST!

Med flatbed-printeren vår, ein Canon Arizona 1380GT, kan vi printe direkte på platemateriale i storleikar opp til 250x125cm, og på rull i breidde inntil 220cm. Det gjer at vi kan produsere solide print på ulike typar platemateriale, med kort leveringstid. Størst er ikkje alltid best, men på bannerduk er vi størst og best i distriktet! 

  • Bannerprint er eit rimeleg og veldig godt synleg produkt. Vi leverer banner i fleire forskjellige materiale, i storleikar opp til 3 meter breidde. Vi lagar layout og hjelper deg å velje riktig materiale. Kjempestore format kan leverast på førespurnad, men då med sveiste skøytar. Slike store format er gjerne brukt til å dekkje til fasader under renovering.

  • Ein rollup kan brukast over alt! Du ser dei på messer, kjøpesenter, butikkar, togstasjonar, konferanser, events, skular, resepsjonar m.m. Rollupar er ein rimeleg måte å få fram bodskapen din på, og dei er i tillegg lette å transportere, plassere, sette opp og ta ned. Vi brukar berre duk og aluminiumskassett av god kvalitet.

    Vi leverer rollup på kort varsel, komplett med bæreveske.

    Standardformat er 85x200cm, men vi leverer også rollup i til dømes 100, 120, 150, 180, 200 og 250cm breidde.

  • Vi kan skreddarsy lokala dine for deg, med personleg og særmerkt utsjånad! Vi printar veggdekor og tapet. Lag ei unik atmosfære med flotte bilete, illustrasjonar eller mønster.

    På glasveggar kan vi printe på frostafoliar eller glasklare foliar, og lage flotte effektar, samstundes som krava til universell utforming er på plass.

  • Vi kan printe på det meste, og vi tek gjerne nye utfordringar!

    Sjekk denne kule kassa i Rufo.no sin video!

  • Folie kan brukast på veggar, vindauge, golv, og det meste der i mellom, både innan- og utandørs. Folie kan printast på og den kan skjærast ut, eller ein kombinasjon av print og cut. Det finst mange ulike typar folie, og alle har sine eigenskapar. Vi gir råd, og kjem med forslag til rett produkt, til rett bruk. Vi kan hjelpe deg med utforming, produksjon, og levere eller montere for deg. Ei synfaring gir oss eit godt utgangspunkt for at sluttproduktet vert perfekt!

    Les meir om frostafolie, skilt og dekor her.

storformatprint, skilt, logo, metizoft, reklame, profilering